For at alle skal ha det fint på ungdomsklubben, er det utvikla eit kort og godt reglement. Ungdom var sjølv med å utvikla reglementet i 2008, og siden da har det vore endra to gonger.
Her er klubbreglementet for Vinstra ungdomsklubb:
Vi vil også minne om MOT sine verdiar, og ønskjer at alle som nytter ungdomsklubben skal ha MOT til å leve, MOT til å bry seg, og MOT til å seie nei.
Utvisning
Brot på reglementet fører til utestenging frå klubben og alle klubbarrangement. I utgangspunktet er utestengingstida på 25 klubbkveldar. Det kan også vere at brot medfører politianmelding.
Klubbleiinga varslar automatisk føresatte til den utviste. Gjentekne brot fører til permanent utestenging.
Utestenging inneber at vedkomande som bryt reglementet ikkje kan delta på arrangement i regi av Vinstra ungdomsklubb så lenge utvisinga gjeld.
Oppfordring
Vi ber om at reglementet blir overhalde, slik at vi som arbeidar her kan bruke tid på nye og artige aktiviteter dykk kan ha glede av, framfor å vera ordenspoliti.
