Nattklubb vel gjennomført

Natt til laurdag 16. mars arrangerte Vinstra ungdomsklubb sitt årlege Nattklubb-arrangement. Rekordmange aktivitetar og rekordmange ungdommar sørge for topp stemning til utpå morgonkvisten.

Å sende ungdommen sin på nattklubb høyrast ikkje heilt bra ut, men i Fron har det ei anna meining.

«Nattklubb» byrja som eit arrangement i 2010 for å markere klubben sin bursdag – difor blir arrangementet lagt så nære 14. mars som råd. Årets arrangement er det 9. i rekka.

Det var rekordmange påmeldte til årets arrangement – 75 stk møtte opp til Nattklubb i Kåja fredag 15. mars. Dørane opna kl 21.00, og innanfor venta eit meir fullspekka Nattklubb-program enn noko år tidlegare.

Gjennom natta vart det mellom anna høve for å prøve VR-spelet «Beatsaber», det vart ei litt annerleis sjakkturnering, bingo, «Ultimate Werewolf», ei annerleis adjektivhistorie (!), Nonstop-Casino, skrekkfilm, jenka, allsang og enda litt til.

Det vart servert både taco, pizza, kake og nudlar, og til frokost stod sandwich på menyen.

Sjølv om nokon måtte ta seg ein liten kvil ila. natta heldt dei fleste ut – og stemninga var på topp heile vegen!

Det vart også produsert ein impromptu podcast midt på natta, høyr den her!

Sola stod opp og klokka vart 08.00, og samtlege drog heim for å få litt etterlengta søvn.

Vinstra ungdomsklubb er ofe for ungdom frå og med 8. klasse i Nord-Fron og Sør-Fron.
Følg Vinstra ungdomsklubb på Facebook og på Snapchat.

Se også!