REGLEMENT
For at alle skal ha det fint på ungdomsklubben, er det utvikla et kort og godt reglement. Ungdom var selv med å utvikla reglementet i 2008, og siden da har det vært endret to ganger.
Her er klubbreglement for Vinstra ungdomsklubb:
- Oppfør deg på klubben! Mobbing, valdeleg og trugande atferd om andre besøkande eller dei tilsatte på klubben er eit grovt brot på klubbreglementet.
- Ha respekt for omgivelsane! Ikkje forstyrr aktivitet i idrettsparken, og la folk som går tur utanfor klubben få gjere det i fred.
- Høyr på dei tilsette! Dei som arbeidar på Vinstra ungdomsklubb har ansvaret for at alt går triveleg, trygt og forsvarleg for seg. Følg instruksjonar frå dei tilsette!
- Vinstra ungdomsklubb er rusfri! Det er strengt forbode å medbringe, nytte eller vera påverka av rusmiddel som snus, tobakk, vape, alkohol og narkotika.
- Hærverk er strengt forbode! Dette gjeld all audeleggjing av utstyr/inventar i og utanfor klubben, tilgrising, tjuveri, eldpåsetjing osv. Slike forhald blir automatisk politianmeldt. Dersom utstyr mot formoding vert audelagt uforskykld, er det flott om du varslar ein av dei tilsette.
- Bruk avfallsdunkane! Det blir gjeve reaksjonar på forsøpling både inne og ute. Og husk at panten skal i eigne dunkar, så slepp brusprisen å auke.
- Generell norsk lov gjeld også på Vinstra ungdomsklubb! Dette gjeld også vegtrafikklova. Du har ikkje immunitet mot å bli anmeldt fordi om du heng på Vinstra ungdomsklubb.
Vi vil også minne om MOT sine verdiar, og ønskjer at alle som nytter ungdomsklubben skal ha MOT til å leve, MOT til å bry seg, og MOT til å seie nei.
Utvisning
Brot på reglementet fører til utestenging frå klubben og alle klubbarrangement. I utgangspunktet er utestengingstida på 25 klubbkveldar. Det kan også vere at brot medfører politianmelding.
Klubbleiinga varslar automatisk føresatte til den utviste. Gjentekne brot fører til permanent utestenging.
Utestenging inneber at vedkomande som bryt reglementet ikkje kan delta på arrangement i regi av Vinstra ungdomsklubb så lenge utvisinga gjeld.
Oppfordring
Vi ber om at reglementet blir overhalde, slik at vi som arbeidar her kan bruke tid på nye og artige aktiviteter dykk kan ha glede av, framfor å vera ordenspoliti.